Mange uttak gir meir på konto!

Ressursbanken

Denne banken vil du digge
Tenk deg ein bank full av ressursar. Ein bank der uttak gir vekst og kontoane aldri er tome. Eg snakkar om banken som inneheld alle dine ressursar, heile ditt potensiale og alle dine viktige verdiar. Banken som er berre din, som alltid er innan rekkevidde og som held ope heile døgnet.

Som Meta-Coach er eg i den heldige posisjon at eg får vere med å opne slike ressursbankar. Kanskje har nokon mista koden, døra til bankvelvet er i vranglås,  eller ein trur at alle andre har betre bankar. For å vere heilt ærleg, eg diggar både ressursbanken  og jobben.

Glimt frå coachingromet
«Hilde» kjem til meg og fortel, med eit sukk, at ho er overmoden for endring. Ho har ein solid jobb som ho har hatt i mange år. No er motivasjonen dalande, og ho er klar for å gjere noko nytt. Ho har sett føre seg fleire aktuelle mål, men veit ikkje kva som er realistisk.

–Eg er usikker på om eg har det som skal til. Kan du hjelpe meg?

Framfor meg har eg i dame med mykje kunnskap, kompetanse, erfaringar, indre styrke, gode verdiar, visjonar, meiningar og mot.  Men «Hilde» er akkurat som alle oss andre. Rett som det er gløymer vi å sjekke kontoen i ressursbanken vår. Vi mistar oversikta og gløymer kva vi faktisk sit inne med.

 Tid for å sjekke kontoen
Skal vi nå målet er det avgjerande at vi forstår kva ressursar vi har å rutte med.  Eg og Hilde  går i gang med arbeidet saman.  Vi oppdagar, testar ut, let oss overraske og imponere. Vi går igjennom kontoar, sjekkar saldoar og hentar fram ressursar som seinare skal nyttast på vegen mot målet.

  • eit ubrukt mot på sparekonto
  • ein kunnskapskonto med erfaringar, kompetanse og ansinitet
  • ein fenomenal ide vekkgøymd saman med studentstipendet
  • ein ukjend konto med langt meir motivasjon, målteft og konkurranseinstinkt enn forventa
  • ein brukskonto proppfull av forståing, empati og varme
  • eit leiartalent som har vakse seg stort på høgrentekonto
  • i ei fin gamal bankboks finn vi dyrebare verdiar, velmeinte råd og gode levereglar, ein kjær arv frå foreldre og besteforeldre
  • på lomma finn vi ei passe dose galskap, herleg sjølvironi og livsglede.

Friske midlar
Det hender vi oppdagar områder som treng påfyll. Hugs for all del å sette inn friske midlar. Sett inn erfaringar frå både feiling og suksess. Sett inn meir kompetanse etter kurset. Sett inn større kraft etter styrketreninga. Sett inn råd frå ein kollega og tilbodet om hjelp frå ein god ven.

Hyppige uttak
Når ressursane frå ulike kontoar er oppdaga, lista opp, verdivurdert og sortert, så startar det beste: UTTAK!  Her er det berre å ause ut. For når draumar skal gjerast om til realistiske mål, når tankar skal bli til handling, når idear skal bli til konkrete handlingar, så er ressursbehovet stort.

Sjå for deg at du tek i bruk kunnskap, testar ut det du kan, haustar av erfaringane, får tak i heile ditt potensiale, hentar fram styrke og mot.

Kva skjer? Minkar det på kontoen i ressursbanken?  Tvert i mot, du lærer meir, vert dyktigare og meir erfaren.

Mange uttak gir rett og slett meir på kontoen!

Advertisements